Peaceful landscape.jpeg
Take me to the still river.jpeg
Take me to the still river (1).jpg

Elin Bjerkestrand

elin bjerkestrand

  • Instagram

Eg er sunnmøring, født i 1971, busatt i Molde. I oppveksten sat eg ofte og såg på når far min måla, noko som var til stor inspirasjon.  Eg likte godt kreative fag på skulen, men dei første penselstroka med akryl tok eg først i 2004. Då prøvde eg meg fram på eiga hand med ulike motiv og teknikkar. Tilbakemeldingar og bestillingar frå venner motiverte meg til å fortsette å måle.

 

Hausten 2020 tok eg mitt første malekurs, då med Lena Andersen. Året etter, hausten 2021, meldte eg meg på kurs med Kristin Oksavik for å lære bruk av mixed media / Powertex. Begge kursa var online. Det var verkeleg interessant og spennande å lære ulike teknikkar og få inspirasjon til å videreutvikle meg. I dag er eg medlem både i Maleklubben til Lena og Malestudio med Kristin og co, noko som er inspirerande, lærerikt og ikkje minst veldig kjekt!

 

Eg likar variasjon med tanke på motiv og teknikkar, både abstrakt, figurativt og gjerne ein kombinasjon. Fargane eg nyttar går ofte igjen utfrå eigen smak, og tilbakemeldingane er at fargane ofte gir ro og harmoni. Eg brukar akryl i ulike variantar, ofte ilag med diverse mixed media for å få fram ulike effektar og spennande struktur.

 

Inspirasjon får eg ved å sjå flotte verk og gjerne observere medan eit måleri vert til. Mi kristne tru og Guds fantastiske skaparverk er også kilde til stor inspirasjon, samt bibelvers eller andre sitat som treff meg og gir meg tankar om motiv og ønske om å formidle.

 

I mai/juni -21 hadde eg mi aller første utstilling, då ilag med far min. Det var stor stas for oss begge, spesielt for han som ikkje har hatt helse til å måle særleg siste åra.

Vinteren 2022 hadde eg mi første separatutstilling i Molde og nyleg starta eg foretak etter mykje salg i vår. Eg tek imot bestilling ved ønsker om det, men originale verk er sjølvsagt ikkje mulig å kopiere 100%. Hittil har eg kun solgt orginale verk, men no er det også mulig å bestille trykk i begrensa antal.

 

Om du ønsker å følge meg i sosiale media, set eg pris på det! Ta gjerne kontakt ved behov!

 

E-post: elin.bjerk@gmail.com

Instagram: elin.bjerk

Fb: Galleri Elin

Heimeside: gallerielin.com